Bokmelding: Harald Høibacks "Veien til Waterloo - fire generaler og ett slag"

Bokmelding: Harald Høibacks "Veien til Waterloo - fire generaler og ett slag"

. 5 minutter å lese

Nils Nordstrand

Kommandørkaptein og nestleder ved innovasjon og utviklingsavdelingen i Sjøforsvarsstaben. Operativ bakgrunn fra ubåt og har de siste ti årene jobbet med strategisk utvikling i NATO og Sjøforsvaret.

I bokhyllene mine og på golvet er det mange leiarskapsbøker. Dei har to ting til felles; dei er kjedelege og eg har ikkje lese nokon av dei frå perm til perm. Nokre av dei har eg faktisk ikkje eingong opna. Det er ikkje det at eg ikkje har lært noko av dei, men dei fegnar ikkje. 

Harald Høibacks "Veien til Waterloo - fire generaler og ett slag" er noko anna. For det første så er den både interessant og spanande, og for det andre så kjem eg til å lese heile boka - sjølv om ho er stor og tung. Akkurat no er eg halvvegs. Det er meir enn nok til å danne seg eit godt bilete av ho. Høiback treff med andre ord lesaren slik at boka hans faktisk blir lesen og dermed hjelper lesaren å reflektere. Ved sidan av eiga akademisk tilfredsstilling må det vere lesarens refleksjon som har vore Høibacks store motivasjon. Det kan skrivast mange refleksjonsnotat om det som står i denne boka. Lønsamt kan det ikkje ha vore for Høiback, for den timeløna må ha vore dårleg. Dette er ei stor bok som ikkje vart til på ei helg. Høiback har jobba lenge med desse tema. Dei av oss som har lese Harald Høiback før, eller hatt han som lærar, kjenner godt igjen brottstykke her og der. 

Det å undre seg over kvifor ikkje andre har meldt boka kan i seg sjølv vere ei melding. Det er mogleg at nokon har gjort det, men eg har ikkje sett det. Harald Høiback er litt kontroversiell for mange. Ikkje for det at han tar feil i kritikken sin av Forsvaret, men for det at han då også peikar med fingeren slik at folk kjenner seg sjølv igjen. Kanskje utan at dei har sett årsakene til utfordringane dei står i. Denne boka er full av observasjonar som kan overførast til Forsvaret, sjølv om dei er frå er ei anna teknologisk tid. Harald Høiback har også rett når han observerer Forsvaret. Som oftast med eit kritisk blikk ståande litt på utsida. Faktisk så rett at Forsvarskommisjonen var heilt einig med han, og regjeringa skreiv ein ny langtidsplan for forsvarssektoren som også var einig med han, sjølv om det ikkje var like mykje. Men, sidan Høiback er historikar, så har altså mykje av skadane alt skjedd (eller kanskje rettare, utbetringane har ikkje skjedd). Det er det - evna til å observere fortid, samtida og analysere, saman med forteljarevna, som gjer Harald Høiback til ein norsk militærakademikar av særklasse. 

I "Veien til Waterloo" skisserer Høiback fire generalar med ulik bakgrunn og stil. Dei står i kvar sin personlegheitskvadrant. Dei har også ulike roller. I mykje av leiarskapslitteraturen eg har, opplever eg at leiarskap blir redusert til menneske-til-menneske leiarskap utan at formålet med leiinga kjem med. Det er som om uheldig organisering og manglande ressursar kan handterast berre leiarskapet er godt nok. Nei, det kan ikkje det, men det kan endrast til noko betre. Høiback skriv derfor minst like mykje om organisasjon og organisasjonsutvikling, men også om samfunn og statsbygging. Det gjer han med rette. Det er organisasjonsutviklinga og statsbygginga som blir varig. Leiarskap, i si enkle form, er berre ei midlertidig handtering av ei problemstilling. Både det å handtere ei midlertidig problemstilling, og det å bygge strukturar er leiarskap, men det er skilnad på desse to sidene. Der den eine sida handlar om å bruke dei systema ein har, så handlar det andre om å bygge systema stein for stein slik at dei blir formålstenlege. Det er slik organisasjonar og nasjonar blir til. Som skipssjef måtte eg gjere begge delar, sjølv om eg bygde vidare på andre steinar; Ubåten vart leia operasjon, og besetninga vart leia ved vedlikehald, etterforsyning, trening og øving slik at det vart ein operativ ubåt. Også utvikling av nye system eller strukturar treng leiarskap, men forma og vurderingane er ikkje like. Dei tre ulike situasjonane har alle ulike tidshorisontar; i operasjon er horisonten akutt, i førebuing er den nær og i det nye er den fjern, men kjem stadig nærare. Alle fire generalar opplevde desse ulike sidene av leiarskap, men ikkje alle var like mykje opptatt av dei. Dei hadde ulike roller som dei både tok og fekk. Truleg treng ein ulikt intellekt i ein del roller.

I Høibacks tekst blir dei ulike persontrekka framheva slik at personlegdomen vert tydeleg, og lesaren kan kjenne seg sjølv eller andre igjen. Det er ikkje berre personlegdomen me ser, det er også kva bakgrunn dei har, og kva roller dei får. Dei har også ulik erfaring og dei kjem frå nasjonar som tar ulik plass i det europeiske landskapet; Det tyske folket, om ein kan kalle det det, har ikkje samla seg til eitt Tyskland. Frankrike, som den store kontinentalmakta, byggjer imperium i alle retningar. Og øynasjonen Storbritannia, i Atlanterhavet, er midt i imperiebyggingas tid med sine oversjøiske territorium og koloniar. Ingen av desse fire generalane er lette å samanlikne, og det er eigentleg ikkje rett å prøve i ei bokmelding. Det er så mange ulike sider som i så fall bør samanliknast at det vert ei bok av det og. Ta for eksempel dei to tyske, Blucher og Scharnhorst: Dei startar langt på veg likt i livet, som søner av to fattigbønder og derfor ikkje heilt offisersmateriale. Deretter er vegen vidare så ulik som det kanskje var mogleg å få i same profesjon, for så å møtast. Der Blücher er ein glad gut som blir shanghaia inn i militæret mens han er på rampestrekar som fjortenåring, så er Scharnhorst i det militære skulesystemet til han nesten er førti. Og der Blüchers styrke er nærleiken til personellet og eit anlegg for oppklaringsoperasjonar, er Scharnhorst organisasjonsbyggaren som det er lett å tenkje seg at helst ville drive med metodisk tung målbekjemping. Det vart ikkje så mykje til samanlikning dette her, sjølv om det i denne korte opplistinga er parallellar både til eit moderne militærvesen og krigen i Ukraina. Les heller boka og vurder sjølv. 

Høibacks bok er meir enn personlegheitar. Den er også kontekst, samfunn og geografi. Det er faktorar som set rammene for det militære handlingsrommet. Vesten tapte ikkje krigen i Afghanistan for det at den vart slegen militært, men for det at kontekst, samfunn og geografi ikkje var lik vestens. Særskilt ikkje når vesten er spreidd over USA, Australia og Europa og ikkje noko av det låg i Afghanistan. Det me eigentleg snakkar om er skilnaden på verdiar og interesser. Noko som er svært tidsaktuelt for tida. Waterloo enda ikkje opp med å utslette den franske nasjonen, men å bli ein arena der dei allierte pedagogisk forklarte (med brutal og dødeleg vald) det latinske Frankrike at deira interesser er i dei latinske områda sperra inne av Alpane i aust og Pyreneane i sør, og at dei germansktalandes interesser er nord av Alpane. Aust for det germanske er det russiske interesser. Og i tilfelle Frankrike ikkje forstod det, så vart Belgia ein sjølvstendig to-språkleg nasjon som grenseland. mellom det germanske i nordaust og det latinske i sørvest.

Til liks som andre harde lærdommar er striden mellom det latinske, det germanske og det russiske vanskeleg å hugse, og uklokt å leggje bort. Europa har, minst sidan romartida, hatt striden mellom ulike kulturar, og mellom nasjonar som samlar seg, nasjonar som prøver å bli kontinentalmakter og den atlantiske sjømakta. Det er desse interessekonfliktane som er årsaka bak første verdskrigen, den europeiske delen av den andre og dagens krig i Ukraina - som betyr Landet ved grensa. Sjølv om ikkje Høiback har hatt som ambisjon om å forklare denne grunnleggjande problemstillinga i europeisk historie og framtid, så ligg den der implisitt. Høibacks generalar var sentrale i si tid innanfor denne utfordrande konteksten, prega av geografi, språk og kultur.

Fekk du ikkje Høibacks bok til jul, så kjøp ho til deg sjølv. Ho er eit kinder-egg; du lærer om menneska, om organisasjonane menneska lagar og om samfunna som menneske lever i. Eg kjenner, med eitt unntak, ikkje om noko anna bok som er eit slikt kinderegg. Det næraste eg kjem er Kenneth N. Waltz "Man, the State, and War". Dette er ei bok som gjev deg det strukturelle verktøyet til betre å verkeleg forstå Høibacks store bok. Den har så mange lag at ho kan lesast opp og opp igjen på jakt etter nye perspektiv.

Bokomslag: skjermbilde, Nordli


Nils Nordstrand

Kommandørkaptein og nestleder ved innovasjon og utviklingsavdelingen i Sjøforsvarsstaben. Operativ bakgrunn fra ubåt og har de siste ti årene jobbet med strategisk utvikling i NATO og Sjøforsvaret.

Er du enig/uenig med artikkelen, eller ønsker du å skrive for oss? Ta kontakt med redaksjonen og send inn ditt synspunkt. Bruk veiledningen vår.